Innhold
Fremtidig turistveg Ryfylke
Tiltak under planlegging
Rolf Selvik-Hustveit-Sauda
Hustveit ligger mellom Ropeid og Suada - Foto: Rolf Selvik

Allmannajuvet
Den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor har laga eit forprosjekt for tiltak langs gangvegen fram til dei gamle sinkgruvene i Almannajuvet i Sauda. Dette omfattar parkeringsplass/toalett og spesielle bygningar av tre. Eit bygg skal ha funksjon som besøksrom, det andre som møtelokale. I tillegg må gangvegen fram til gruvene opprustast. Arbeidet med å føra dette prosjektet vidare er no i gang i samarbeid med bl.a. kommunen og fylkeskommunen ved Ryfylkemuseet. Dette gjeld finansiering, reguleringsplan og førebuing av arbeidet med byggeplan. Almannajuvet er definert som eit nasjonalt attraksjonspunkt i det landsdekkande turistvegprosjektet og det er sett ned ei eiga styringsgruppe for dette arbeidet.

Andre stoppunkt
Følgjande lokaliseringar er prioriterte for vidare planlegging. Gjennom planlegginga vert tilhøve til andre planar, tiltak og grunntilhøve avklara, og vi tek difor atterhald om at det kan verta endringar.

Høllesli
Området har ein flott utsikt mot Lysefjorden og ein naturleg stad for å informera turistar som kjeminn på Turistveg Ryfylke frå sør. Planlegging vert truleg starta opp i 2006/07.

Tysdalsvatnet
Langs vatnet skal det leggjast til rett for stopp der ein kan oppleva fjorden og dramatiske fjell. Planlegging vert truleg starta opp i 2006/07.

Ingvaldstad
Ved rasteplassen på Ingvaldstad blir det hogd skog hausten 2006 for å betra den fine utsikten. Planlegging med å rusta opp og sette inn nye møblar på plassen blir starta opp i 2006/07.

Nesvik ferjekai
Tidlegare planar med å byggja eit nytt bygg for å flytta butikk/kiosk/toalett over til austre del av kaiområdet er skrinlagt. Tiltak på kaiområdet er pr i dag ikkje aktuelle.

Erfjord
Tidlegare ønskje om å byggja rasteplass ved Erfjord bru er skrinlagt. Turistvegprosjektet vurderer tilrettelegging i Erjford i samband med kai og butikkområdet som meir attraktivt for dei vegfarande. Planarbeid vert truleg starta opp i 2007.

Hustveit
Området har flott utsikt til Saudafjorden og skal tilretteleggjast for stopp. Planlegging vert starta opp i 2006/07.

Litlastølen
Idyllisk rasteplass ved elva i den trange dalen opp mot Saudafjellet. Skal rustast opp med nye møblar og avkøyring/parkering. Planlegging vert starta opp i 2006.

Svartavatn
Lite stoppunkt med fin utsikt utover Saudafjella. Skal tilretteleggjast med betre avkøyring og parkering. Planlegging vert starta opp i 2006.

Ekkjeskartjørna
Nydeleg stopplass ved vatnet rett før ein køyrer ut, eller kjem inn det tronge skaret mot Røldal. Skal tilretteleggjast som rasteplass. Planlegging vert starta opp i 2006.

Hyttehaugen
Flott utsikt over Røldal før svingane ned mot E134. Skal tilretteleggjast for stopp. Planlegging vert starta opp i 2006.

Skogrydding
På strekningen Rv13 Oanes – Sand er det i samarbeid med bl.a. kommunane på strekningen blitt laga ein plan for skogrydding. Ryddinga skal utførast i 2006/07 og blir finansiert av Turistvegprosjektet, kommunane og Rogaland fylke. Kommunane har ansvar for gjennomføring av tiltaka. Det vert også utarbeida ein skogryddingsplan for strekningen på Rv520 mellom Ropeid og Breiborg med tanke på å få rydda heile turistvegstrekninga. Det er ei utfordring å halda dei rydda område ved like og det vert difor arbeidd med å finna løysingar på kven som skal forvalta, gjennomføra og finansiere dette.

09.10.2006
Skriv ut   |   Tips en venn