Utsikt over Lysefjorden - Foto: Pelle Nilsen
Ryfylke - "Langs frodige fjordar og nakent fjell"
Den framtidige turistvegen skal følge rv. 13 frå ferjestaden Oanes til Sand i Ryfylke, og rv. 550 vidare frå Ropeid til møte med ev. 134 ved Håra på Røldalsfjellet. Strekningen er 183 km lang og går i vekslande terreng. Her vil ein køyre over nakent fjell, ha utsikt til fjordane, passere eit mangfald av små bekkar, større elvar og kvite fossar og oppleve fuktigheiten i eit klima som ofte skiftar frå skodde og regn til strålande sol.
Kulturlandskap
Store deler av vegen går gjennom eit produktivt kulturlandskap. Den tidlegare kystbonden etablerte små bruk der ein kombinasjon av husdyrbruk og fjordfiske har sett sitt preg både på landskapet og busetnaden. Meir moderne driftsformer har teke over men historien er framleis godt synleg i terrenget. Lengs nord på strekningen har landskapet ein annan karakter. Vi dreg til fjells og opplever både bratte skar og ville heiar, men også eit karrig landskap der kun fjellrypa føler seg heime.
På slutten av 1800-talet vart først malmen i fjellet og seinare fossekraft viktige faktorar for å gi regionen nye arbeidsplassar. Eit industrieventyr vaks fram både i Sauda og på Jørpeland. Storeheitstida for desse næringane var første halvdel av 1900-talet, men framleis er tungindustrien i Ryfylke viktig i næringssamanheng.
Vegdirektørens sitt endelege vedtak
I Vegdirektørens sitt endelige vedtak frå januar 2005 vart det bestemt at den fremtidige Nasjonale turistvegen Ryfylke skal gå frå Oanes til Håra, ein strekning på 183 km. Strekninga skal utviklast for å kunne godkjennast som Nasjonal turistveg i 2010. - Vedtaket inneber at turistvegprosjektet fra 2005 går inn i ein ny og spennende operativ fase, etter ein prosess som har vore prega av utvikling og planlegging, fortel Jan Andresen og legg til: -For å definera og marknadsføra dei respektive turiststrekningane sin eigenart, enten dei slyngar seg frem langs fjell, følgjer kyst og hav, leitar seg fram mellom fosser og stryk eller søker seg til ishavet lengst nord, må strekningane vera eksklusive og tydelege. Eit tydeleg produkt er truverdig, gjer inntrykk og blir hugsa.